Quantcast
Channel: Preik » SKOLE
Viewing all articles
Browse latest Browse all 9

Gje skulen tillit og ansvar

$
0
0

Kva vil krevjast for å halda på vår velstand når oljeinntektene fell bort?

UTDANNING: Dei fleste politiske partia seier at utdanning og kunnskap er viktig, men når det kjem til prioritering har det såleis vist seg at mangt er viktigare, skriv artikkelforfattaren. FOTO: COLOURBOX

 
Noreg var ikkje nokovelståande land før me byrja med oljeutvinning og fiskeoppdrett. Ikkje minst takka vere desse næringane er me blitt eit rikt folkeferd og har råd til høg levestandard og gode velferdsordningar. Korleis levekåra blir når oljeeventyret er slutt og fiskeoppdrett kanskje utkonkurrert av lågkostland, eller har kollapsa på grunn av ureint hav (lakselus, radioaktiv ureining etc) er det få som snakkar om.

Men etter kvart innser sentrale økonomar og politikarar at me må satsa på å utvikla industri og service basert på høgt fagleg nivå. Me må makta gjera eksisterande produkt betre og finna opp nye. Til dette treng me arbeidskraft med høgre kompetanse og meir kreativ innstilling og evne enn det ein finn i konkurrerande land. På den måten kan me ha von om å leva vidare med vår høge levestandard.

 

Kunnskap og kreativitet
Skule, utdanning og forsking i vårt land har vore relativt lågt prioritert i mange år under ulike regjeringar. Vedlikehaldet på skular er altfor ofte så sterkt forsømt i mange kommunar at inneklimaet er helseskadeleg. Det vil kosta mykje å reparera skadane. Symjebasseng står tomme. Eit resultat av manglande prioritering er synleg forfall og reduksjon av prestisje knytt til utdanning og kompetanse. Dermed er mykje av motivasjonen for læring blitt borte for ungdomen. Det faglege nivået i grunnskulen er på gjennomsnittsnivå samanlikna med skular i andre land som det er naturleg å samanlikna oss med.

Mange elevar i våre vidaregåande skular sluttar før fullført utdanning. Likeeins er det mange som byrjar på ei universitetsutdanning men aldri fullfører. Mange av dei dyktigaste kandidatane frå universitet og høgskular finn ikkje arbeidet i skuleverket tilfredsstillande.

Med gode løns- og arbeidsvilkår i oljeindustrien og diverse andre yrke har mange valt å arbeida der i staden for å satsa på ein karriere innan utdanning og forsking. Ca 15.000 med lærarutdanning har forlate skulen og teke seg arbeid i andre yrke.  Dei fleste politiske partia seier at utdanning og kunnskap er viktig, men når det kjem til prioritering har det såleis vist seg at mangt har vore og er viktigare. 

 

^
Heva utdanningsnivået
Det har ikkje mangla på reformer på alle nivå i utdanningsvesenet. Men reformene ser ikkje ut til å ha resultert i nemnande auka lærelyst, kompetanse og utvikling av kreative evner. Snarare det motsette. Mange elevar i ungdomsskulen manglar motivasjon. Lærarane klagar over at altfor mykje tid går med til rapportering og anna kontorarbeid.

I den samanhengen skreiv tidlegare utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde nyleg i BT: «… mykje må dokumenterast skriftleg om opplæringa skal samsvare med lov og regelverk». Ho gav vidare ei god skildring av kva krav samfunnet stiller til lærarane: «Dei nye læreplanane har konkrete læremål, elevane sine læringsresultat skal evaluerast, og tilbakemeldingane skal vere i samsvar med krava i evalueringsforskrifta. Dei er utforma for å ta hand om elevane si læring, gi påliteleg tilbakemelding, sikre individet sin rettstryggleik».

Detaljstyring
Me har med andre ord fått lover, regelverk og læreplanar som styrer lærarane sitt arbeid i detalj slik at yrket liknar meir eit handverk enn ein akademisk profesjon.   Eit rigid skuleverk der alt er regulert og skal evaluerast og rapporterast, og lærarane straffast dersom ikkje resultata blir som venta, gjer at lærarane blir regelbundne og lite fleksible og kreative. Miljøet stimulerer ikkje til å ta initiativ til nye opplegg, til kreative tiltak. Det spreier heller frykt for å bryta kjende og ukjende direktiv, lover og reglar. Det kjennest tryggast å gå på opptrakka stiar. 

Ved å oppgradera lærarskulane til pedagogiske høgskular blei det sendt ut signal om nivåheving og akademisk profesjonalisering av læraryrket. Men den kvardag nyutdanna lærarar har møtt i skuleverket, har nok vore eit vonbrot for mange av dei mest profesjonelle og kreative. Det er ikkje å undrast over at svært mange lærarar har søkt seg bort frå skuleverket, til meir utfordrande arbeidsoppgåver. Med andre ord er situasjonen at me som nasjon står ulagleg til for å ta ein leiande posisjon innan utvikling og service på stadig nye område i ei verd i rask utvikling. 

Kva kan gjerast?
Det krev nytenking – og mange tiltak – dersom me skal heva det generelle kunnskapsnivået og evna til kreativ tenking. Fram gjennom tidene har det vist seg at læraren spelar ei stor rolle for barn og ungdom si faglege og personlege utvikling. Styrking av lærarutdanninga er såleis ein naturleg tanke. Det er ynskjeleg med både solid pedagogisk/psykologisk kunnskap og kunnskap i dei faga læraren skal undervisa i.   

Politikarane er tilsynelatande mest opptekne av å heva kunnskapsnivået i skulefaga, og det er planar om å utvida lærarutdanninga med eitt år til. Det er vel og bra, så langt det rekk. Men kjem ikkje andre tiltak i tillegg, kan det lett resultera i at nyutdanna lærarar blir endå meir attraktive for arbeidsgjevarar utanfor skuleverket.

Tillit er mangelvare
Skal me få dei mest kunnskapsrike og kreative lærarane til å arbeida i skulen, så må dei få høve til profesjonell yrkesutøving. Dei må få løyve og stimulans til utprøving av nye idear, sjølvsagt i samsvar med skulen si overordna målsetjing. I staden for detaljstyring og kontroll må dei få tillit og ansvar. Tillit vil verka sterkt motiverande, og er ein føresetnad for kreativitet. Tilliten er mangelvare i dag.

Store reformpedagogar har gjerne hatt ein ukonvensjonell skulegang, og dermed fått røynsler og stimulans til å tenkja nytt når det gjeld undervisning. Kan me få dei lærarane som no arbeider i diverse andre yrke, til å koma tilbake til skuleverket, vil det vera til stor hjelp. Desse lærarane vil ha ekstra føresetnader for å bringa nye idear inn i skulearbeidet. Deira røynslebakgrunn frå det verkelege livet vil vera som ei vitamininnsprøyting for undervisninga. 

Dersom våre skulepolitikarar vil byrja akseptera læraryrket som ein akademisk profesjon, med den yrkesfridom, tillit og ansvar som ein profesjon må ha, vil det vera von om kvalitetsheving i skuleverket.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 9

Latest Images

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Vimeo 10.6.2 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.2 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.





Latest Images

HANGAD

HANGAD

MAKAKAALAM

MAKAKAALAM

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Doodle Jump 3.11.30 by Lima Sky LLC

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.

Vimeo 10.6.1 by Vimeo.com, Inc.